en Travellerspoint reiseblogg

Avreisedag

Zambia, here we come..

I ettermiddag lettar flyet frå Flesland, vi (Synnøve, Turid og eg) reiser via Amsterdam og Nairobi og kjem til Lusaka i morgon tidleg kl 9:50.
Hektisk pakkeverksemd no, det handlar mest om fjerna ting og tang frå ein altfor tung koffert. Trur det blir vanskeleg å unngå overvekt, håpar KLM er litt romslege..
Ferda går vidare frå Lusaka natt til fredag, då tar vi ein (som regel) overfylt buss nordover mot Mbala.
Planen er å møta vår kjære ven, Mr. Zimba, i Mpika, og tilbringa helga ved Kapishya Hot Springs saman med han. Zimba administrerer mikrokredittfondet vi har oppretta i Mbala, og vi vil bruka helga til å evaluera ordninga. Rapportar så langt tyder på at fondet fungerer kjempebra, sjølv om det ikkje er så mange låntakarar enno.
Vi ser fram til hektiske dagar i Mbala neste veke, det blir kjekt å treffa att lærarar og studentar ved Mbala High School. Synnøve og Turid blir verande ei veke i Mbala før dei reiser sørover til Livingstone. Sjølv blir eg verande 5 veker til i nord, truleg med hovudbase i Kasama.
Så sant det er råd, vil det koma meir her..

Annbjørg

Skrevet av zambia08 01:57

Send via e-postFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

God tur! Take care! Klem fra Grete

24.09.2008 fra Grete1

Hallo Annbjørg,, har prøvd flere ganger, men det ble noe tull med passord,,, typisk!.. smil. Ser at dere har travle dager, ta vare på deg selv, - husk det... Her er det regn og kjølig,,, skal treffe Marta i mrg, og Eve fredag... Hun har vært i amerika,, blir ok med rapport. Tenker på deg, god klem fra Grete

30.09.2008 fra Grete1

Du må være medlem av Travellerspoint for å reagere på denne reiseblogg.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint